Tuesday, May 22, 2007



Tak ditt vigde vilje-sverd!-
Lat det skine blankt og loge!-
Hogg deg ut ein inngangs-boge,
høg som all din hug og lengt,-
inkje er deg meire stengt.
Likesælt kor langt du når,
berre at du går og går,
trakkar truge, aldri tvile,
evig uro utan kvile!
Lagna`n slær deg slag på slag,
til han trøytnar ut ein dag!
Men du sjølv må aldri slakne,
meir og meire må du vakne!-
Um det endå skulde hende
at han slær deg ned for fot,
bøyg deg og tak blindt imot.

- Tore Ørjasæter