So long ei tid,
so long ei strid;
og enno stend me midt deri!
Men utan sut
den norske gut
vil halda striden ut.
Det hev meg lært
er møda verdt:
Å stri`for det som vart oss kjært!
Og mann for mann
me segja kan:
Me elskar dette land.
Knapp grøde bar
vår norske gard;
men heim er heim, kor trong han var.
For heimlaus sjel
og framand-træl
vart verdi altfor fæl.
Og er det smått,
og gjeng det trått,
so skal me endå få det godt.
Frå dag til dag
i småe slag
me slit oss fram i lag.
Det verdt nok stridt;
men litt om litt
det gjeng, når kvar vil gjera sitt.
Tek kvar og ein
sin vesle stein,
er snart vår åker rein.
So long ei tid,
so long ei strid, -
og endå lenger skal han bli!
Men uredd stend
i by og grend
ei vakt av norske menn.
- Arne Garborg