Monday, April 09, 2007

Vårtru

Og det møter meg atter og takkar for sist
alt livet som fyrr kvar vår,
so jublande kjent at eg veit ikkje visst
om vi skildest i fjor hell i går,
men eg ber på eit minne om haustbleike strå
og nedblåse lauv som eg trødde på.

Lat meg gløyme alt sårt i ditt fangtak av ville
frygd over solvigd land,
eg veit du er sterkar`enn alt som er til
om so draumen om hausten er sann,
ja, eg kann og eg vil berre tenkje og tru
at allting og alle e slik som du.

Og so lenge som skogstjernur lyser meg veg
i nattstemnd og bartung fred,
og vegraset kviskrar kring steinar og stig
under blundande fuglar og tre,
og so lenge mitt hjarta er slikt som det er,
eg høyrer deg til og lyt ha deg kjær.

- Kåre Bjørgen